onsdag 21. oktober 2015

Så var høsten her...

Det er jammen ikkje mykje kjærlighet denne bloggen får lenger! 

Oppussinga av kjøkkenet vårt tok plutselig mange månader lenger enn planlagt og halvveis var økonomien så skakkjørt at eg sitter fortsatt og lurer på korleis vi greide det likevel!

Etter et år med berre røde blinkande tal i alle retningar er det endelig begynt å snu. Vi får definitivt ikkje overskudd verken i år eller neste år men det går sakte men sikkert framover. 
Vi har i tillegg til kjøkkenet pussa opp kassaområdet og det er blitt så utrulig fint! Det er alltid nye prosjekt på gang og eg tenkte å legge ut bilder på korleis det ser ut denne veka men jammen har vi hatt så mykje folk innom at eg ikkje har kunne tatt bilder! 

Vi har jobba knallhardt med å få opp igjen kvalitet og arbeidsmiljø og dette får vi berre positive tilbakemeldinger på. 
Folk har faktisk sagt at dei gledar seg til å stå opp neste dag for då skal dei drikke kaffi på Allmuen! 

Eg personlig har gått gjennom veldig mange og ikkje fullt så kjekke personlige utfordringar dette året og i forrige veke fekk eg tillegg beskjed om at beina mine er blitt så dårlige at eg ikkje kan fortsette å ta vakter som kokk. 
Men eg skal prøve å følge opp den flotte lærlingen vår Kristine så godt eg kan! 
Allmuen må vi sjølvsagt ha i Dalstunet, er dåke ikkje einig? 
:)







1 kommentar:

  1. Veldig enig, kjekt å stikke innom når eg har ærend i dåkas trakter

    SvarSlett