søndag 16. mars 2014

Allmuen kafè & interiør 3 år mandag 17. mars!

Tenk det då; i morgon er Allmuen 3 år!!!
Og for ei reise det har vært! Først var det å drive kafè i Dale berre
 ein tanke og ein liten drøm,
eg fekk med meg ei anna dame og vi fekk leige hos Thommassen i Dalstunet. 
Det var mykje som måtte gjerast og vi bretta opp armane og lagde kjøkken, toalett,
 la nytt golv og malte....og malte. 
 
17. mars 2011 opna vi dørene! Fullt hus og stormande jubel!
Den første tida gjekk bra men så snudde det litt.
Fort vart eg heilt aleine om drifta og då var bedrifta allerede ein halv million i minus!
 
 "Alle" sa eg måtte slå Allmuen konkurs men eg nekta; eg hadde ikkje jobba dag og natt og ofra familie og venner for ingenting! Her var det berre å sette seg langsiktige mål og halde fokus så skulle eg klare dette fortalde eg til både bank og rekneskapsførar.
Ingen trudde på meg bortsett fra familien min.
Kvar månad panta eg flasker og det som var for å greie å betale lønningar , eg tvihaldt på Allmuenkvaliteten og eg sa ja til absolutt alle oppdrag.
Etter berre eit år var firmaet i PLUSS! Hah! Eg kjem aldri til å gløyme den beskjeden og eg får gåsehud kvar gang eg tenker på det!
 
No er vi 4 fast ansatte og 3 ekstrahjelper! :)
 Eg kan dessverre ikkje jobbe så mykje lenger men Allmuen er eit familiemedlem
og er med meg dag og natt.
Det er morsomt å sjå på desse gamle bilda, frå før vi pussa opp og frå opningsveka.
 
 
 
 
Her er kafè`en no


Her er butikkhjørnet før oppussing

Her er det kjøkken no
 
Frå då taket var guloransje, fantastisk! :)

Barnehagane lagde utstilling då vi opna

Lykka var stor då vi kunne henge opp denne!

Yksnebjør barnehage si utstilling

Timar før opninga 17.03.2011

Hihi, lille butikken vår, her er det i hvert fall blitt forandring!

 
Ha ein strålande dag,
klem frå Henriette & jubilanten Allmuen!