torsdag 26. mars 2015

Nettbutikk og oppussing

Heisann,

TENK at vi har blitt 4 år! Kjempekjekt!
Vi nærmar oss påske og fine vårdagar og vi gler oss til å sjå igjen faste feriegjestar som er innom kafèen vår. I kulissane på Allmuen tutlar vi alltid på med nye ting. Litt oppussing her og litt fornying der. Det er ikkje alt som er like synbart for gjestane våre (enda) men for dei som ikkje har vært innom på ei stund vil nok sjå det godt. Vi testar stadig ut nye oppskrifter og denne veka har vi lagd nåke skikkelig godt; skillingsbollar med vaniljekrem og melisglasur. Åhhhh, nesten altfor godt! Det skal vi jammen fortsette med!
Ellers er jo nettbutikken igang, sakte men sikkert veks den seg større og sterkare! Vi gledar oss til varene som vart bestilt på gave-og interiørmessa i januar kjem utover våren. Nokre heilt nye leverandørar kjem til oss, ein del nusselige og nostalgiske ting og leikar til ungar kjem, pompøse gullrammer og pynt til hagen...og mykje meir! Kjempekjekt! Om du ikkje har besøkt nettbutikken enda, kjem du til den om du går inn på www.allmuen.no.