torsdag 17. desember 2015

Nettbutikken vår

Eg har valgt å legge ned nettbutikken vår i dag då eg heller vil bruke energien min i kafèen framover, veldig trist då eg hadde planer om å selge meir unike og spesielle varer i nettbutikken.
Ting du kanskje ikkje finner alle stader.
Men...kanskje ein vakker dag?
:)

fredag 6. november 2015

Julematleveringar

Har du begynt å tenke på alle juleavslutningane enda? 
Uansett om det er med venner, kollegaer eller familie er det kjekt å vete at maten er i box, vi kan levere maten på døra, klar til servering! 
Send oss ein e-post, sms eller ta opp telefonen og ring oss så ordnar vi resten! 







torsdag 22. oktober 2015

Aioli

Aiolien vår er berre heilt himmelsk, før lagde vi den på soyaolje men på grunn av fleire har soyaallergi valgde vi å gå over til rapsolje.
Nåken trur at det er om å gjøre å peise mest mulig på med kvitløk i aiolien og det kan faktisk bli litt for mykje av det gode! 

Her får dåke den superhemmelige oppskrifta vår på "verdas beste" aioli:

2 tempererte eggeplommer, 0,5 ss dijonsennep, 1/3 kinesisk kvitløk (evt 3 store/4 små fedd "vanlig" fransk kvitløk. Rasp den oppi med det andre. 
Sett i gang kjøkkenmaskina på full styrke  (bruk ballongvisp) og hell 0,5 liter rapsolje i ein tynn, tynn stråle mens maskina er i gang. Blir aiolien for tjukk har du oppi nokre spiseskeier kokt vatten. 
Då blir den kvitare og meir krema.
Avslutt med litt pepper, salt og ein desj sitron. Eg foretrekker maldonsalt i alt eg lagar.
Hvis aiolien sprekker må du vaske bollen og vispen på nytt og starte forfra med ei ny eggeplomme, så tilsetter du litt og litt fra forsøk nr 1. Sprekker den igjen må du atter en gang starte med ny eggeplomme og slik går det fram til du klarer det. 
Reint utstyr er viktig for å få det til. Og litt tolmodighet. :)
Heilt klart best å lage den i god tid før den skal etast! 
Den holder seg dagesvis i kjøleskapet og er perfekt til brød, salat, burger, kylling... 

Lykke til!




onsdag 21. oktober 2015

Så var høsten her...

Det er jammen ikkje mykje kjærlighet denne bloggen får lenger! 

Oppussinga av kjøkkenet vårt tok plutselig mange månader lenger enn planlagt og halvveis var økonomien så skakkjørt at eg sitter fortsatt og lurer på korleis vi greide det likevel!

Etter et år med berre røde blinkande tal i alle retningar er det endelig begynt å snu. Vi får definitivt ikkje overskudd verken i år eller neste år men det går sakte men sikkert framover. 
Vi har i tillegg til kjøkkenet pussa opp kassaområdet og det er blitt så utrulig fint! Det er alltid nye prosjekt på gang og eg tenkte å legge ut bilder på korleis det ser ut denne veka men jammen har vi hatt så mykje folk innom at eg ikkje har kunne tatt bilder! 

Vi har jobba knallhardt med å få opp igjen kvalitet og arbeidsmiljø og dette får vi berre positive tilbakemeldinger på. 
Folk har faktisk sagt at dei gledar seg til å stå opp neste dag for då skal dei drikke kaffi på Allmuen! 

Eg personlig har gått gjennom veldig mange og ikkje fullt så kjekke personlige utfordringar dette året og i forrige veke fekk eg tillegg beskjed om at beina mine er blitt så dårlige at eg ikkje kan fortsette å ta vakter som kokk. 
Men eg skal prøve å følge opp den flotte lærlingen vår Kristine så godt eg kan! 
Allmuen må vi sjølvsagt ha i Dalstunet, er dåke ikkje einig? 
:)







torsdag 26. mars 2015

Nettbutikk og oppussing

Heisann,

TENK at vi har blitt 4 år! Kjempekjekt!
Vi nærmar oss påske og fine vårdagar og vi gler oss til å sjå igjen faste feriegjestar som er innom kafèen vår. I kulissane på Allmuen tutlar vi alltid på med nye ting. Litt oppussing her og litt fornying der. Det er ikkje alt som er like synbart for gjestane våre (enda) men for dei som ikkje har vært innom på ei stund vil nok sjå det godt. Vi testar stadig ut nye oppskrifter og denne veka har vi lagd nåke skikkelig godt; skillingsbollar med vaniljekrem og melisglasur. Åhhhh, nesten altfor godt! Det skal vi jammen fortsette med!
Ellers er jo nettbutikken igang, sakte men sikkert veks den seg større og sterkare! Vi gledar oss til varene som vart bestilt på gave-og interiørmessa i januar kjem utover våren. Nokre heilt nye leverandørar kjem til oss, ein del nusselige og nostalgiske ting og leikar til ungar kjem, pompøse gullrammer og pynt til hagen...og mykje meir! Kjempekjekt! Om du ikkje har besøkt nettbutikken enda, kjem du til den om du går inn på www.allmuen.no.






søndag 15. februar 2015

Nettbutikk!

I dag har vi eeendelig lansert nettbutikken vår www.allmuen.no!
Håpar at du liker den!

onsdag 28. januar 2015

Vinternytt

Så forsvann tida igjen, vi har hatt ein travel vinter med å ferdigstille kjøkkenet på Allmuen. 
Det er blitt så utrulig flott og vi har berre nokre få ting igjen 
før det er heilt ferdig. 
Det er jammen blitt kjekt å lage mat no! 

Neste prosjekt er heile kassaområdet som skal totalforandrast med innbydande diskar og det blir meir praktisk og stilreint for oss som jobbar der. Vi kan nesten ikkje vente! :)

Ellers har eg jobba lenge med nettbutikken. Den er i grunn ferdig men pga helsa mi har ting tatt litt tid. Er snart i rute igjen.

Ja, og så skal eg få  ein lærling! 
Det blir kjekt og skummelt å få eit slikt fantastisk ansvar. 
Det er ein av dei ansatte gjennom to år som vil bli lærlingen min. Tenk det då!

Og Silje er tilbake, ho har vært der nesten sidan starten 
og er "husmora" på Allmuen. 
Når det luktar salmiakk, klorin og grønsåpe er Silje på jobb! ;) :)

Vi gler oss til fortsettelsen!