mandag 6. mars 2017

torsdag 9. februar 2017

Og vips kom avisa hit til Allmuen!

 Etter forrige blogginnlegg (som hittil har blitt lest av...gisp...1500!) ringte lokalavisa Firda og ville komme på besøk til oss på Allmuen. 
Alltid kjekt med positiv omtale av kaféen vår! ❤

Eit par dagar seinare var eg på klubb med eit par andre gründerdamer her i fylket og resultatet frå alt dette har gjort til at eg har fått enda meir lyst til å fikse og ordne litt i kaféen framover. 

Ironisk nok, med eit godt 2016 har januar vært katastrofe med masse sjukdom, elektriske problem (ei heil veke uten strøm inne i kaféen!)  og dårlig økonomi så håper på BERRE medgang framover!✨
☺☺☺

mandag 30. januar 2017

Kaféen i Dalstunet

 "Kvifor får du til å drive kafé når det er så vanskelig for så mange andre?" ...blir eg ofte spurt om.

Eg synes kanskje det er meir vanskelig enn mange andre kaféeigarar då eg ikkje klarar å jobbe så mykje pga helsa og i tillegg er aleinemor for små barn. 
I tillegg er dei fleste av mine ansatte småbarnsmødre så kaoset er heftig til tider, spesielt når det går mykje sjukdom i barnehagen...
Vi er vel blitt flinke til å tilpasse oss alle som jobber på Allmuen, vi stiller opp for kvarandre og når alle bidrar litt er det også enklare hvis det først er "nåke".
Det er ikkje mange timane vi har måtte holdt stengt dei siste 6 åra så, folk veit at vi er opne mandag til lørdag.

Det første som vart innført på Allmuen var "anti-frityr", lukta av frityrolje er forferdelig når den har satt seg i lokala, og det må jo lukte godt om ein skal ha lyst å være ein plass. Og så må det være heimekoselig, ikkje ha sånn sterkt lys som får deg svimmel. 
Og ikkje masse ekko i lokalet så ein blir svimmel av det òg. Og så må det være litt gamle ting og møblar for å få inn "kosen", ein blir visst litt svimmel av å ha for mykje nytt rundt seg òg! ;)

For å ha lyst til å ete eller drikke nåke hjelper det at kaffien lukter kaffi og bollane lukter nysteikte boller. 
Det har vært mykje i fokus at vi selger masse brødskiver med brunost men det er jo ofte det enkle som er det beste. For vi har alle slags kunder, nåken kjem kanskje fastande og svoltne fra legekontoret og treng noko enkelt og andre vil ha nåke litt sunt før dei går amokk i kakedisken. Allmuen skal være litt som heime, litt avslappende og koselig, litt fancy mat og litt kjedelig mat. 
Vi har prøvd å fornye menyen nokre ganger (slik ALLE andre kaféer gjer...) 
-men då har vi berre fått kjeft.
"Allmuen må være Allmuen"
:)

Det ser ut som det funker, for i 2016 var einaste året vi ikkje gjorde nåken forandringer og i dag fekk eg eit lite tips om at 2016 er første året på lenge at vi har gått i (et lite) PLUSS! 

:) :) :) 



søndag 15. januar 2017

Godt Nytt År!

 Velkommen 2017! ❤
Kvardagen er i gang igjen, varetellinga er tatt og dagsoppgjøra har siste veka bestått av alvorlig mange kronestykker og mynt generelt- eg trur dei fleste har litt tynne lommebøker etter jul og no rett før første lønning i 2017... bra folk likevel kjem på kaféen for ein kaffi då! 

Vi nærmar oss 6 år som kafé i Dalstunet. 
Kvart år er like spennande.
Vi har ikkje så store ombyggingsplaner for kommande år, sjølv om eg har drømt om ny kakedisk og større utvalg i disken i månedsvis. 
Forrige kakedisk var ei julegåve frå den snille bestemora mi for to år sidan så spørs om eg kan bytte den ut heilt enda... eller... eg kan kanskje invitere ho på middag og høyre om eg kan få ein til? Hihi...

Vi har foresten fått ein heilt ny frys til kuleis og milkshake (!!!) no, men då det er ein million minusgrader ute trur eg at vi venter med å fylle den opp med gode kalde ting til seinare.
Og så var det den januar-dietten då... må ihvertfall få starta på den (gløymer det kvar mandag) før ein skal prøvesmake alle milkshakeoppskriftene.

Godt Nytt År! ❤