torsdag 15. desember 2016

Ein vanlig dag på Allmuen

Vi setter på kaffien, slår på lyset og opnar døra. 09-gjengen kjem snart, dei ordnar seg sjølv og har sine rutiner. 

Dei veit vi er opptatt med baking bak på kjøkkenet så dei legger fram penger på disken og stemplar kaffikorta sine sjølv, slik dei har gjort i alle år.

09-gjengen har foresten i det siste blitt utvida av taxi-gjengen og det er altså desse to gjengangane som styrer ute. Heile året. 

Dei neste som kjem er gjerne mødrene som har levert i barnehagen og skal ta ein kaffi med ei venninne i full fart. 

Dei sitter gjerne et par timer. 


I periodar har vi "trillemafiaen" innom, her går det i kaffe latte og koselydar. God stemning. 


Er det damer som kjem med et salig blikk er det sikkert yoga-damene, er dei røde i kjakene er det "elvesti-damene", bestiller dei fancy kaffi og skjeve med brunost er det definitivt dei. 


Rundt lunsj kjem dei som har "lunsjpause" og standard arbeidstid. Dei veit kva dei skal ha.

I tolvtida kjem foresten  09-gjengen tilbake.

Ein gong mellom 12 og 14 kjem sjølvaste parlamentet i Dale! 

Det varierer litt kor mange dei er, av og til 3, av og til 12. 

Det kjem litt an på kva som har stått i Firda den dagen og kor mykje fisk det er i fjorden. 

Av og til er dei stille og har lite å snakke om, andre ganger må ein faktisk samle inn koppane deira før dei går i golvet under diskusjonen. 

I totida kjem gjerne dei som aldri har vært på Allmuen før og etter skuletid kjem elevane innom. UWC er også innom et par gangar i veka, då vert det snakka blandt anna engelsk, spansk, nordisk og fransk ved alle borda. Utrulig kjekt.

Allmuen skulle være ein møteplass for alle.... eg trur jammen vi fekk det til.

❤️