torsdag 24. august 2017

Kaféen der alt skjer

Det er veldig spennande å drive kafé, ein snakkar med så utrulig mange kvar dag. 
Ein får ta del i så mange liv kvar dag. 
Nokre kjem fastande frå legekontoret og gler seg enormt til ei skjeve med brunost, nokre har eit par  timar barnefri og skal på tytedate med venninnene sine, nokre har valgt kaféen som nøytral grunn for å møte nokon som er vanskelig å møte, nokre har kaféen som fast stoppestad til eller frå butikken, nokre planlegger store anledningar, nokre tar gjerne eit møte med kollegaen sin over ein kaffikopp, nokre skal kjøpe is for å gå i klatreparken, nokre skal inn for å feire gode nyheter, nokre skal legge igjen noko ein anna skal hente, nokre skal inn og berre sjå, nokre skal handle inn nybakte boller til nokon som treng ei oppmuntring, nokre må ha noko "kjappt i handa" før ein skal vidare, nokre skal låne nettet for å "berre sjekke noko", nokre skal på kafé for å være litt sosial sjølv om dei ikkje seier eit ord sjølve...

Ein kafé er så mykje meir enn kjøp og salg og eg føler meg så heldig som har fått til ein slik plass ❤️ 



tirsdag 22. august 2017

Kaker frå Allmuen

På Allmuen lagar vi kaker kvar dag, frå bunnen av. 
Vi bruker massevis av smør, fløyte og "ekte" varer.
Ein del av kakene er på bestilling og her er nokre av dei: 
 
                 

Nyheter frå GreenGate



Ahhhhh, endelig har vi fått påfyll frå Greengate😍
Absolutt verdt ein tur innom oss! ✨👌