onsdag 28. januar 2015

Vinternytt

Så forsvann tida igjen, vi har hatt ein travel vinter med å ferdigstille kjøkkenet på Allmuen. 
Det er blitt så utrulig flott og vi har berre nokre få ting igjen 
før det er heilt ferdig. 
Det er jammen blitt kjekt å lage mat no! 

Neste prosjekt er heile kassaområdet som skal totalforandrast med innbydande diskar og det blir meir praktisk og stilreint for oss som jobbar der. Vi kan nesten ikkje vente! :)

Ellers har eg jobba lenge med nettbutikken. Den er i grunn ferdig men pga helsa mi har ting tatt litt tid. Er snart i rute igjen.

Ja, og så skal eg få  ein lærling! 
Det blir kjekt og skummelt å få eit slikt fantastisk ansvar. 
Det er ein av dei ansatte gjennom to år som vil bli lærlingen min. Tenk det då!

Og Silje er tilbake, ho har vært der nesten sidan starten 
og er "husmora" på Allmuen. 
Når det luktar salmiakk, klorin og grønsåpe er Silje på jobb! ;) :)

Vi gler oss til fortsettelsen!