lørdag 19. oktober 2013

Fine haust dagar

I haust har vi hatt fine, travle dagar på Allmuen.
Vi har fått ny kokk som elskar å lage nye dessertar og kaker og bruker kveldane sine på å lage nydelig konditor-pynt.
Det er alltid kjekt å sjå kva nytt ho har laga.

Vi har pussa opp litt, laga ny flott disk og forandra litt på kjøkkenet.
Enda gjenstår det meir men vi tar det litt etter litt då slepp vi å stenge dørene når vi held på.
 


Nye flotte tavler har komt på plass, etter 2,5 år med takplater som bakgrunn og enkle utskrifter fra skriveren heime har vi endelig fått opp
noko litt meir oversiktlig.
Veeeeldig kjekt og responsen frå kundane har vært heilt super!
Kjekt når ein får tilbakemeldingar på nye ting! :)




I interiøravdelinga vår har vi stadig nye spennande ting!

Masse deilig snop dukkar stadig vekk opp.
Vi likar det litt annerledes og det er mykje spennande på markedet.

Deilig sjokolade med flott innpakking, fint som gave til andre
eller deg sjølv når du har fortent litt ekstra!

Ungane sin favoritt!

Divine sjokoladen har vi solgt sidan starten, den er så utrulig god!

BoxQuiz er superpopulært om dagen og perfekt som ein ekstragave
på vinflaska, på lange bilturar, i julekalendaren, i lomma eller i veska.











Under forandringa vår i kafèen vår er det mange som ikkje finn bestikket, serviettane eller koppane. Alle gjestane er vande med faste plassar.
Det har vært mykje latter. Kanskje vi skulle flytta på ting oftare? :)

GOD HELG!
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar