mandag 30. januar 2017

Kaféen i Dalstunet

 "Kvifor får du til å drive kafé når det er så vanskelig for så mange andre?" ...blir eg ofte spurt om.

Eg synes kanskje det er meir vanskelig enn mange andre kaféeigarar då eg ikkje klarar å jobbe så mykje pga helsa og i tillegg er aleinemor for små barn. 
I tillegg er dei fleste av mine ansatte småbarnsmødre så kaoset er heftig til tider, spesielt når det går mykje sjukdom i barnehagen...
Vi er vel blitt flinke til å tilpasse oss alle som jobber på Allmuen, vi stiller opp for kvarandre og når alle bidrar litt er det også enklare hvis det først er "nåke".
Det er ikkje mange timane vi har måtte holdt stengt dei siste 6 åra så, folk veit at vi er opne mandag til lørdag.

Det første som vart innført på Allmuen var "anti-frityr", lukta av frityrolje er forferdelig når den har satt seg i lokala, og det må jo lukte godt om ein skal ha lyst å være ein plass. Og så må det være heimekoselig, ikkje ha sånn sterkt lys som får deg svimmel. 
Og ikkje masse ekko i lokalet så ein blir svimmel av det òg. Og så må det være litt gamle ting og møblar for å få inn "kosen", ein blir visst litt svimmel av å ha for mykje nytt rundt seg òg! ;)

For å ha lyst til å ete eller drikke nåke hjelper det at kaffien lukter kaffi og bollane lukter nysteikte boller. 
Det har vært mykje i fokus at vi selger masse brødskiver med brunost men det er jo ofte det enkle som er det beste. For vi har alle slags kunder, nåken kjem kanskje fastande og svoltne fra legekontoret og treng noko enkelt og andre vil ha nåke litt sunt før dei går amokk i kakedisken. Allmuen skal være litt som heime, litt avslappende og koselig, litt fancy mat og litt kjedelig mat. 
Vi har prøvd å fornye menyen nokre ganger (slik ALLE andre kaféer gjer...) 
-men då har vi berre fått kjeft.
"Allmuen må være Allmuen"
:)

Det ser ut som det funker, for i 2016 var einaste året vi ikkje gjorde nåken forandringer og i dag fekk eg eit lite tips om at 2016 er første året på lenge at vi har gått i (et lite) PLUSS! 

:) :) :) 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar