søndag 15. januar 2017

Godt Nytt År!

 Velkommen 2017! ❤
Kvardagen er i gang igjen, varetellinga er tatt og dagsoppgjøra har siste veka bestått av alvorlig mange kronestykker og mynt generelt- eg trur dei fleste har litt tynne lommebøker etter jul og no rett før første lønning i 2017... bra folk likevel kjem på kaféen for ein kaffi då! 

Vi nærmar oss 6 år som kafé i Dalstunet. 
Kvart år er like spennande.
Vi har ikkje så store ombyggingsplaner for kommande år, sjølv om eg har drømt om ny kakedisk og større utvalg i disken i månedsvis. 
Forrige kakedisk var ei julegåve frå den snille bestemora mi for to år sidan så spørs om eg kan bytte den ut heilt enda... eller... eg kan kanskje invitere ho på middag og høyre om eg kan få ein til? Hihi...

Vi har foresten fått ein heilt ny frys til kuleis og milkshake (!!!) no, men då det er ein million minusgrader ute trur eg at vi venter med å fylle den opp med gode kalde ting til seinare.
Og så var det den januar-dietten då... må ihvertfall få starta på den (gløymer det kvar mandag) før ein skal prøvesmake alle milkshakeoppskriftene.

Godt Nytt År! ❤


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar